Pedagogisk programvare: Gyldendal ABC
av Silje Tømmerås og Kine Berntsen norsk 2, UIN 2013
av Silje Tømmerås og Kine Berntsen norsk 2, UIN 2013
Nettadresse: www.gyldendal.no/abc
Vi har valt denne pedagogiske nettresursen på bakgrunn at vi har observert dette i bruk og er nyfiken på korleis det eigentleg er oppbygd og korleis det fungera i praksis. Ut frå eit lite innblikk, er dette noko vi vil kunne anbefale til bruk i undervisninga. Vi har diskutert undervegs og jobba saman med oppgåva heile vegen. Dette medfører at vi ikkje har nokon eigen del men at oppgåva er et resultat av samarbeid. I tilknyting til denne nettresursen finnes eit læreverk som ein kan bruka i skulen. Dette er Safari ABC og dette kan brukast frå 1-7 trinn.
Informasjon:
Nettresursen er laga av Gyldendal Undervisning. Det er eit gratis nettprogram som gjer at alle kan ta det i bruk. Denne nettresursen trenger du ikkje og installera på maskinen din, den bere opnar du i nettlesaren din. Men maskinen må innhalda eit lyd kort, i store klasser er det lurt å ha høyretelefonar tilgjengeleg slik at elevane ikkje blir forstyrra av dei som set rundt. Det er ikkje store systemkrav til denne nettresursen. Det held med dei programman som medfører dei fleste innkjøpte maskinane. Det står ikkje spesifisert nokon plass på Gyldendals nettsida om spesielle krav til maskinen for å bruke denne nettressursen.
Innhald /om programmet:
Ideen rundt nettressursen er at det skal stimulera lese- og skrive opplæringa, samt leser gleda. Gyldendal abc som nettressurs er eit supplement til læreverka som fins i skulen, slik at elvane for eit allsidig læringsarena. Brukargruppa for nettresursen er frå leverandøren si sida berekna for fyrste og andre klasse. Men vi ser på nettresursen som eit godt hjelpemiddel også for elevar som treng litt meir trening i forhold til bokstav- og lesarinnlæring, som då styrast etter behov. Det kan også være eit godt hjelpemiddel for foreldra, til å sette seg litt inn i opplæringsformar som skulen benyttar seg av i forhold til bokstav- og lesaropplæring. Samstundes er det eit reiskap som lærarane kan bruke som veileing til og leggje opp undervisninga på ein god måte.
Programmet:
Dette er eit undervisningsopplegg berekna for elevar i fyrste og andre klasse. Der er varierte oppgåver med ulike nivå slik at det passar for dei fleste. På førehand er det viktig at læraren settar seg godt inn i oppbygging og dei moglegheitene som er på nettsida. Elevane styrar programmet ved hjelp av tastatur eller musa. Når elevane kjem inn på programmet har dei tre valmuligheiter. Dei kan enten gå inn på lesehjørnet som består av ulike tekstar der eleven kan lesa saman med programmet. Eller så kan ein klikka seg inn på bokstavoppslag. Her går eleven inn på den bokstaven den skal jobbe med. Her blir ein møtt av Lill og Leo. Dette er to gjennomgangsfigurar som følgjer nettresursen og ABC bøkene. Vi får være med dei inn i klasserommet der dei fysisk gjer oss eigne erfaringar med dei ulike bokstavane. Sida har ein rekkje forskjellige oppgåver som elevane kan velje mellom. Dei skal eleven kjenne igjen lydar, ord og bokstavar. Siste valmuligheit er ABC- spelet. Her skal man fange bokstavar og byggje dei opp igjen. Det er moglegheit for og gjere etterarbeid etter ei dataøkta. Då kan ein skrive ut ferdiglaga oppgåveark som ein kan arbeide med i ein vidare prosess.
Elevane:
På alle tre vala får elevane heile vegen god informasjon på kva dei skal gjere. Sida er audiovisuell, informasjonen får elevane gjennom lyd, bileter og animasjon. Elevane blir heile vegen fortalt kva dei skal gjere, slik at dei ikkje treng å kunne lese. Teksten samsvarar med det biletan viser. Elevane kan også velje om dei vil bruka store eller små bokstavar. Fargane som er brukt er sterke og klare, noko som gjer at det fangar elevanes oppmerksamhet. Det er ein grei hovudside som gjer innblikk i kva dei ulike aktivitetane tilbyr. Skjermbildet er i liten format og kan ikkje utvides til full skjerm, om ein ikkje forandrar på zoom nivået.
Konklusjon:
Vi synes nettsida er eit godt supplement til alle lærebøkene i den fyrste skrive- og lesaropplæringa. Nettsida har mange muligheiter, derfor er det viktig at vi som lærar setjar oss godt inn i stoffet før vi presentera det for elevane og eventuelt foreldra. Det er bra at der finnes fleire typar oppgåver sidan elevane er forskjellige og har forskjellige behov. Vi synes at nettresursen er ei god side, som er oversiktleg og lett å finne fram på. Det er forklart godt heile vegen, korleis ein kan gå fram for å løyse oppgåvene på ein grei måte. Det er ein rekkjer valmuligheiter i programmet som har positiv verking på heilheita. Som for eksempel at du kan velje mellom stor/ liten bokstav og mellom bokmål /nynorsk. Noko som gjær at ein kan nå eit større omfang av elevar. Ei kan også få innputt på kvifor ein bør drive med høgtlesing og korleis ein kan samarbeide med foreldra. Vi synes også det er positivt at dei brukar Lill og Leo som gjennomgangsfigurar. Dette fordi vi meiner at det kan gje elevane ein sterkare forståing og tilknyting inn mot lese- og skrive utviklinga. Vår anbefaling er derfor at dette er ein god nettresurs tel bruk i den fyrste lese- og skrive opplæringa. Den er lett tilgjengelig for alle, sidan det er gratis og du trenger ikkje å laste det ned. Det går også fort og komme seg inn i sjølve programmet. Vi trur dette programmet er fint å bruke i skulen, samstundes som at det kan brukast heime av elevane og foreldra. Så sjølv om vi har lita erfaring med programmet, har det gitt oss eit fint fyrstintrykk samtidig så det visar oss at det er mange moglegheitene. Vi anbefaler denne pedagogiske programvaren på det sterkaste.